Hopp til innhold

Skal undersøke dødsulukka på E16

Havarikommisjonen skal undersøke frontkollisjonen på E16 måndag 16. oktober, det skriv Bergens Tidende. Ein bussjåfør omkom då ein buss frå selskapet Nettbuss kolliderte med eit vogntog ved Nakkagjelstunnelen på E16 i Voss kommune. – Vi håpar vi skal kome litt nærare årsaka til ulukka, seier avdelingsdirektør Rolf Mellum i havarikommisjonen til avisa.

Ulykken på E16 ved Nakkagjelstunnellen
Foto: Oddgeir Øystese / NRK