Hopp til innhold

Skal ha møte om fôrsituasjonen

Bondelaget, Tine, Nortura og fleire andre aktørar inviterer no bøndene til fagmøte om grovfôrsituasjonen i fylket. Gjennom fleire fagmøte ulike stader i fylket vil dei kome med informasjon og tips til kva bøndene bør gjere i den vanskelege situasjonen. Sjølv om tredjeslåtten er i hus om nokre veker vil truleg dei aller fleste i fylket ha for lite grovfôr skriv Bondelaget i invitasjonen til bøndene.