Hopp til innhold

Skal byggje om to Fjord1-ferjer

Båtbygg AS på Raudeberg har sikra seg kontrakt på ombygging av to ferjer til Fjord1, skriv Fjordenes Tidende. Ferjene skal byggast om frå dieseldrift til el-drift, og verdien for kvart av byggeoppdraga skal vere på 70–80 millionar kroner. – Vi er veldig glade for dette oppdraget, seier administrerande direktør Kjell Inge Sjåstad.