Hopp til innhold

Seks stoppa i kontroll i Førde

Vegvesenet fann manglar på seks køyretøy då dei heldt kontroll på E39 ved Førde i går. Eitt køyretøy fekk ikkje køyre vidare på grunn av manglande sikring av lasta, fire fekk bruksforbod på grunn av tekniske manglar og ein lett motorsykkel fekk ikkje køyre vidare på grunn av støy. Til sist fekk ein utanlandsk vogntogsjåfør åtvaring for brot på køyre- og kviletida.