Seier opp stillinga si
Rådmann Ørnulf Lillestøl har sagt opp stillinga si som rådmann i Selje kommune, og sluttar i jobben i februar 2018. Årsaka er at det er bestemt at noverande rådmann i Eid, Åslaug Krogsæter, skal vera prosjektleiar og ny rådmann når Selje og Eid slår seg saman til Stad kommune i 2020.