Hopp til innhold

Seawalk manglar godkjenning

Cruisekaia på Nordfjordeid er ikkje godkjend, sjølv om over 20 cruiseskip har varsla sin ankomst neste vår. Kystverket skriv til Seawalk Nordfjord AS at kaia ikkje kan takast i bruk før anlegget er godkjend av dei. Sjefsingeniør Knut Stenevik i Kystverket seier dei no skal sjå på kva utbetringar som må gjerast i hamna.