Hopp til innhold

Såg damene vinne, tapte sjølv

Medan damelaget vann mot Viking, må Førde sitt herrelag i volleyball reise heim frå Bergen med eit 3–0 tap mot TIF Viking. Sunnfjordingane hang godt med i starten og tapte første sett 25-21, medan Viking vart sterkare og vann dei to siste setta med 25–18 og 25–15. Førde VBK sitt herrelag ligg no på ein andreplass i toppligaen, fire poeng bak nettopp TIF Viking.