Rykte ut til skogbrann i Sogn
Brannvesenet i Sogndal rykte ut etter melding om det som kunne vere ein skogbrann ved Amla på Kaupanger i Sogndal kommune. Då brannvesenet kom fram viste det seg at det brann i både kratt og skog i eit område på vel 150 kvadratmeter.