Hopp til innhold

Rykte ut til pipebrann

Brannvesenet har rykt ut til ein mogeleg pipebrann i Førde etter at ein person sette fyr på eit juletre i omnen. Alarmsentralen oppmodar om å ikkje gjere slikt då det fort kan utvikle seg ein varme som pipa ikkje toler. – Det kan føre til at pipa sprekkjer og at ein pipebrann utviklar seg, seier vaktleiar Dan Inge Gjesdal.