Hopp til innhold

Rykte ut etter melding om snøskred

Politiet fekk klokka 12.21 melding om eit mogleg snøskred ved Togga i Sogndalsdalen. Innringaren har ikkje sett raset, men høyrt det. Togga er eit populært turmål for dei som går toppturar og ligg på 1250 meter over havet. Fjellet ligg i nærleiken av riksveg 5 mellom Sogndal og Fjærland.