Hopp til innhold

Rusa mann køyrde med punkterte dekk

Ein mann vart i natt pågripen av politiet i Sjøgata på Nordfjordeid, mistenkt for ruskøyring. Politiet fekk tips om at det var ein bil som køyrde rundt i gata med begge framdekka punkterte og utan kjennemerke framme. Køyreturen enda i grøfta. Sjåføren vart ikkje skadd, men han måtte likevel vere med til legevakta for å ta blodprøve. Vedkomande hadde heller ikkje førarkort.