Hopp til innhold

Rekordomsetnad for Vestbygg

Bygge- og entreprenørfirmaet Vestbygg AS på Grytøyra i Fjaler hadde i fjor ein rekordomsetnad på over 50 millionar kroner, melder Firda. I 2018 bikka Vestbygg sin omsetnad for første gong 50 millionar. Det er ein auke på 3,3 millionar frå året før. På ti år har bedrifta meir enn dobla omsetnaden.