Hopp til innhold

Reagerer på villmannskøyring

Politiet klarte ikkje halde følge med ein trimma moped som sprengde fartsgrensene, skriv Fjordenes Tidende. Den siste tida har det kome fleire klager på villmannskøyring på trimma mopedar i Bremanger. No ber politiet om at foreldra er meir offensive, men også om hjelp frå publikum. – Om de ser denne køyringa, så prøv å gje oss registreringsnummer på mopedane.