Hopp til innhold

Provisorisk løysing i Høyanger

– Vi har laga ei provisorisk løysing fram til vi får ordna vasslekkasjen, seier avdelingsingeniør i Høyanger kommune, Asle Verøy. Tidlegare i dag mista heile Høyanger vasstilførselen etter ein vasslekkasje. Denne har dei no lokalisert, men arbeidet er krevjande og blir ikkje ferdig før ut i neste veke. I mellomtida har Høyanger kommune no lagt ut brannslangar med vatn, slik at alle husstandar skal ha tilgang til vatn.