Hopp til innhold

Polsk turistbuss stakk av

Ein kviterussisk bussjåfør er meld til politiet etter at han ikkje stoppa for kontroll på Håbakken i Lærdal i dag. Mannen hadde heller ikkje yrkessjåførkompetanse. Om bord i den polskregistrerte bussen var det 30 passasjerar og ein guide. Dei måtte sendast vidare med ein anna buss, opplyser Statens vegvesen.