Politiet nøgd med publikum
– Det var lite fyll og bråk under årets Malakoff-festival, seier innsatsleiar Roger Gundersen i politiet. Av kring 20 oppretta straffesaker, gjeld 15 narkotika. Ei av sakene gjeld vald mot politiet. 18 politibetjentar var på jobb under årets festival på Nordfjordeid der nær 30.000 personar innom festivalportane.