Hopp til innhold

Politiet ber om tips etter innbrot

Politiet ber publikum om tips etter innbrot i Florø i helga, skriv Firdaposten. Nokon har brote seg inn i fem bilar, og frå tre av bilane er det stole ein GPS. Flora politistasjon oppmodar alle med tips om å ta kontakt.