Hopp til innhold

Ordførarvalet i strid med lova

Valet av ordføraren i Kinn kommune er gjennomført i strid med den nye kommunelova, skriv Firdaposten. Det er ikkje høve til å bruke skriftleg avstemming. Departementet slår fast at valet av ordførar ikkje treng å vere ugyldig, sjølv om lova ikkje har blitt følgt. Difor blir det no eit kommunestyremøte der dei må ta stilling til om Ola Teigen framleis blir ordførar i Kinn.

Ola Teigen
Foto: Oddmund Haugen / NRK