Hopp til innhold

Optimisme trass underskot

Det er framleis optimisme og planar om å utvide hos silisiumplateprodusenten Norsun i Årdal, skriv porten.no. Bedrifta gjekk med store underskot i 2017, og ein gjennomgang av rekneskapstala syner at dei har tapt 1,8 milliardar kroner sidan dei starta opp i 2005. Berre i to av åra sidan den gong har bedrifta tent pengar. Norsun-sjef Svenn Ivar Sunde seier likevel at bedrifta har planar om å utvide fabrikken, og då kan dei vel 200 tilsette som jobbar der i dag få meir enn 200 nye kollegaer.

Norsun - sagehall
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK