Hopp til innhold

Oppmodar om å sjekke billysa

«Det er altfor mange som køyrer med berre eit nærlys no i mørket. Dette kan føre til farlege situasjonar.» Det skriv Vegvesenet etter ein kontroll på Kaupanger og i Sogndal i kveld. Ti av bilane dei kontrollerte hadde tekniske manglar med lys. Vegvesenet oppmodar folk til å ta ein sjekk på lysa på bilen sin.