Hopp til innhold

Nytt Førde-tap

Førde tek ferie med begge beina godt planta i nedrykksgjørma, det skriv Firda. I dag tapte dei 1–3 mot Vardeneset, den femte kampen på rad utan siger. Når dei no tek ferie er det med berre sju poeng og ein 13.-plass på tabellen. Neste kamp er 24. juli borte mot Brann 2.