Hopp til innhold

Nye motortjuveri

I helga har det vore to nye båtmotortjuveri, eit i Rugsund og eit i Bremanger. Politiet ønsker no å kome i kontakt med eigaren av ein polskregistrert varebil av merket Renault Espace. Bilen skal vere sølvgrå og mangle høgre skiltlys bak. Har du tips i saka ber politiet deg ta kontakt med næraste lensmannskontor.