Hopp til innhold

Ny kontrakt med Sogndal

Sogndal sin andrekeeper Tarjei Aase Omenås har skrive ny kontrakt som strekk seg ut til og med neste sesong. Det melder klubben på sine heimesider.

– Tarjei har hatt ein fin utvikling her hjå oss, og me er veldig glade for at han blir med oss vidare, seier sportsleg leiar Håvard Flo til klubben si heimeside.