Ny Innovasjon-direktør i vest
Innovasjon Norge vart i dag formelt slått saman i Sogn og Fjordane og Hordaland. Den nye felles direktøren er Nina Broch Mathisen. Ho trur eit felles kontor skal kunne hente meir pengar til gründerar i vest, frå den nasjonale potten. Ho meiner dei to fylkeskontora vil stå sterkare saman.