Noralv Teigen er død
Skodespelaren og teatersjefen Noralv Teigen er død, 85 år gamal. Det er Akershus Amtstidende som melder dette fredag. Teigen budde i Drøbak, men var fødd og oppvaksen i Høyanger. Han var mellom anna sjef for Sogn og Fjordane teater frå 1988 til 1992.