Hopp til innhold

Nominert til pris

Trine Lerum Hjellhaug frå Kaupanger er nominert til Norges fotballforbund sin pris som årets kvinnelege leiar. Hjellhaug er ei av tre kvinner som er nominert og i grunngjevinga står det at ho har utmerka seg som ein dyktig og inkluderande leiar. Saman med dei andre kandidatane er ho invitert til cupfinalehelga der vinnaren vert kåra.

Trine Lerum Hjellhaug
Foto: Sondre Dalaker / NRK