Hopp til innhold

Noko auka tillit til politiet

79 % av dei spurte i Vest politidistrikt seier i årets innbyggjarundersøking at dei har svært stor eller ganske stor tillit til politiet. Det er ein auke frå førre undersøking. På landsbasis er talet 83 %. – Eg er glad for at det no ser ut som om vi er på rett veg igjen. Vi har i nokre år vore nedst på lista og ikkje klart å vise kva vi er god for, seier politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt.