Hopp til innhold

NAV avviser Flora-kritikk

Flora-ordførar Ola Teigen er kritisk til at kommunane ikkje har vore involverte i plasseringa av dei nye regionkontora – og stiller seg undrande til at nye Kinn kommune hamnar både under Sunnfjord og Nordfjord. Fylkesdirektør i NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes, seier det ikkje er bestemt om den nye storkommunen Kinn skal inngå i ein eller to NAV-regionar og avviser kritikken.