Hopp til innhold

Mistar førarkortet og fekk bot

To yrkessjåførar frå Aust-Europa har mista førarretten i tre månader og fått 5000 kr kvar i bot for å ha stengd Strynefjellet i fleire timar. Begge køyrde med sommardekk på vinterføre og mista kontroll på vogntoga. Den første hamna i autovernet og sperra heile vegbana. Vogntoget som kom bak klarte heller ikkje å stogge.