Hopp til innhold

Mindre fangst i lakseelvene

«Begredelig laksesesong», slik omtalar organisasjonen Norske lakseelver årets sesong i Sogn og Fjordane. For andre året på rad er det ein dårleg sesong. I Lærdalselva er det ein nedgang i fangsten på 69 prosent samanlikna med gjennomsnittet frå 2012 til 2017. I Nausta laksevassdrag har dei ikkje registrert dårlegare fangst sidan 1993. Den varme og tørre sommaren er hovudårsaka til nedgangen.