Hopp til innhold

Melde seg etter etterlysing

Den fornærma som politiet i går etterlyste etter at to personar vart slått ned i Førde, har meldt seg. Det får NRK stadfesta ved Førde lensmannskontor. Mannen vart ikkje skadd då han vart slått ned ved Burger King natt til 23. september, men blir i dag avhøyrt av politiet. Sunnfjordingen som er mistenkt for valden har i avhøyr erkjent dei faktiske forholda.