Hopp til innhold

Melde for brot på kviletida

Statens vegvesen har i løpet av dagen hatt kontroll av tunge køyretøy fire stader i Nordfjord, på Lefdal, Kjøs, Folven og Nordfjordeid. Tre sjåførar er melde til politiet for brot på køyre- og kviletida, medan fem andre slapp unna med åtvaringar for mindre brot på desse reglane. I tillegg måtte tre sjåførar sikre lasta betre før dei fekk køyre vidare, medan fem sjåførar måtte fjerne gjenstandar i frontruta for å ha god nok sikt til å få køyre vidare. Det var også skrive eit gebyr for manglande førarkort, og to overlastgebyr.