Hopp til innhold

Meiner regjeringa må levere

Kommunalminister Monica Mæland (H) sa i ein debatt under Arendalsuka i dag at ho fryktar at opprøret i Troms og Finnmark kan velte regionreforma. Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) seier det ligg tunge forventingar på at regjeringa no følgjer opp når det gjeld oppgåver. – Stortinget har gjort eit vedtak, og fylka har lojalt følgt opp. Når prosessen no er i gang, er det opp til regjeringa å levere på oppgåver, seier Følling.

Jenny Følling
Foto: Trond Vestre / NRK