Hopp til innhold

MC-ulukke i Hyllestad

Ein motorsyklist i 40-åra blir henta med luftambulanse etter eit uhell på fylkesveg 57 ved ferjekaien i Rysjedalsvika i Hyllestad. Personen var åleine på sykkelen og det var ingen andre køyretøy involverte i uhellet. Vedkomande skal ha opplyst om smerter i ein fot. Vegen er ikkje stengd på grunn av uhellet.