Hopp til innhold

Mange har røysta på førehand

I løpet av dagen har 223 personar i Vågsøy sagt si meining om samanslåinga med Flora kommune. Til saman har 1339 personar røysta på førehand. I juni i fjor vedtok Stortinget at dei to kommunane skulle slå seg saman til Kinn kommune. Dette vekte eit opprør i Vågsøy, og det kom krav om folkerøysting – noko det også blei fleirtal for i kommunestyret. Det er kommande måndag som er sjølve røystedagen, men det er framleis uvisst kva resultatet skal brukast til.