Hopp til innhold

Mange førehandsrøyster

Til no har 1.116 innbyggjarar førehandsrøysta i Vågsøy kommune. I dag er siste sjanse for dei som ynskjer å førehandsrøyste om kommunesamanslåinga med Flora. Sjølve valdagen er måndag. Då innbyggjarane røysta over samanslåing med Selje kommune, var det berre 25 prosent som møtte opp. Med 4788 røysteføre i kommunen tyder alt så langt på at oppmøte vert større ved dette valet.