Hopp til innhold

Må koke drikkevatnet

Folk som får vatn frå Ålhus vassverk i Jølster må koke drikkevatnet, det skriv Jølster kommune på nettsidene sine. Prøver av vatnet har vist innhaldet av tarmbakteriar er for høgt, og kokepåbodet er innført med umiddelbar verknad. Ifølgje kommunen kan det vere feil med prøvetakinga, og det er difor teke nye prøver.