Hopp til innhold

Må betale etter båtuhell

Ein mann i 20-åra har fått 5.000 kroner i bot etter at to båtar krasja i Førdefjorden i juni i fjor. Politiet meiner mannen ikkje viste nok aktsemd då han rende rett i den andre båten. Tre personar var involverte i uhellet. To vart sendt til legevakta. Mannen har godteke bota.