Hopp til innhold

Lovar dusør på 10 000 kroner

Dyrevernalliansen vil gi 10.000 kroner i dusør for tips som kan føre til at saka om kattungen som blei funnen i Lærdalstunnelen, blir oppklara. Det skriv organisasjonen i ei pressemelding. Søndag kveld blei ein kattunge funnen midt i den 24 kilometer lange Lærdalstunnelen. Dyrevernalliansen seier dei oppretta dusørfondet fordi dei ønskjer at fleire dyremishandlingssaker blir oppklara. Dei håpar no nokon har sett eller høyrt noko som kan oppklare saka.

Kattunge funnen i Lærdalstunnelen
Foto: Privat