Hopp til innhold

Legg ned Elkjøp på Sandane

Butikkjeda Elkjøp legg ned butikken sin på Sandane når dei til hausten opnar ny butikk på Nordfjordeid. Det melder Firda Tidend.

Styreleiar i Elkjøp Fjordane AS Vidar Grønnevik, seier i ei pressemelding at Eid er i ferd med å utvikle seg som eit meir attraktivt handelssentrum, også for nabokommunane.

Handelen i Eid runda i fjor for fyrste gong over 100 000 kroner per innbyggar, og i år blir det gjort store investeringar i nye handelsparkar. Dei tilsette får tilbod om å vere med over i ny butikk.