Hopp til innhold

Kvåle vann nominasjonskampen i Sogn

Kjetil Kvåle frå Sogndal blir Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat i nye Sogndal kommune. Det vart klart etter nominasjonsmøtet torsdag kveld. Det var knytt stor spenning til om det var han eller Leikanger-ordførar Jon Håkon Odd som skulle bli ordførarkandidaten til Ap i den nye storkommunen. Odd hadde fire av seks medlemmer i nominasjonsnemnda i ryggen før avstemminga, Kvåle hadde dei to andre.

Kjetil Kvåle
Foto: Kjetil Kvåle / NRK