Hopp til innhold

Krev tilsetting av gynekolog

Norges Kvinne- og familieforbund i Sogn og Fjordane krins krev at det no blir lyst ut og tilsett ein person i stillinga som ambulerande gynekolog. Stillinga blir ledig til sommaren. Det kjem fram i eit ope brev dei har sendt til Helse Førde. Krinsleiar Aina Alfredsen Førde, seier at det må verte slutt på at kvinner si helse stadig vert brukt som ein salderingspost når helseføretaket skal spare.