Hopp til innhold

Kontroll over brannen i Balestrand

Sogn brann og redning har no full kontroll over bustaden som tok fyr i Sværefjorden i Balestrand. Ingen personar var i huset då det tok til å brenne. Det ryk framleis frå bustaden, men brannen skal vere sløkt, opplyser vakthavande Elmer Sjøvoll. – Røykdykkarar har vore med, og no står att berre kontrollarbeid, seier han. Huset stod i full overtenning då naudetatane rykte ut.

brann i Balestrand 18.12.19
Foto: Sogn brann og redning