Hopp til innhold

Kollisjon på E39

To bilar har køyrt i kvarandre på E39 ved avkøyrsla til Hundsrasta i Førde. Det skal ikkje vere snakk om personskadar. Bilane står framleis i det eine køyrefeltet og det kan kome litt brått på for andre trafikantar, opplyser ein innringar til NRK.