Hopp til innhold

Kjølsdalen forsvara opprykket

Musikklaget frå Kjølsdalen enda på 12.-plass av 15 i 3. divisjon brass under NM i Bergen. Dei vart i fjor nummer fire i 4. divisjon. Jølster Musikklag, som spelar i 2. divisjon, fall fire plassar i høve fjoråret og enda på 10.-plass. I 4. divisjon vart Florø-Bremanger Brass Band nummer fire, medan Florø Hornmusikk enda på 7.-plass.