Hopp til innhold

Kjempeavtale for skikrinsen

Sogn og Fjordane skikrins har sikra seg ein rekordstor sponsoravtale med Sparebanken Sogn og Fjordane, det skriv Firda. Avtalen strekkjer seg over tre år, og er på om lag 1,5 millionar kroner. – Dette er ein avtale som sikrar at vi kan drifte og utvikle krinslagssatsinga vi har, både for seniorar og juniorar, seier avtroppande administrasjonssjef i Sogn og Fjordane skikrins, Yngve Thorsen (bilete) til avisa.

Yngve Thorsen
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK