Hopp til innhold

Kan bli kontraktssignering i januar

Kontrakten om ny fleirbrukshall på Vassenden i Jølster kan signalerast i midten i januar, skriv Firda. Men då må finansieringa vere på plass. Det kom fram under eit folkemøte om hallen. – Vi hadde anbodssynfaring 16. oktober. Der var det fire aktuelle entreprenørar som møtte, så det er definitivt interesse for prosjektet, seier kommunalsjef i Jølster Thor Ove Farsund.