Hopp til innhold

Jordskjelv i Nordfjord

Det vart registrert eit jordskjelv klokka 20.01 i Møre og Romsdal i kveld. Skjelvet hadde episenter utanfor Mørekysten, opplyser vakthavande ingeniør Kamran Iranpour ved Jordskjelvtelefonen. Også folk i Nordfjord har meldt frå om at dei kjende at det rista.