Hopp til innhold

Innstilt til sentralstyret

Emma Berge Ness (20) frå Viksdalen i Gaular er innstilt som nytt sentralstyremedlem i Senterungdommen. Ho gjekk nyleg av som fylkesleiar i ungdomspartiet, og er no nestleiar og studerer i Bergen.

– Senterungdommen kjem til å spele ei viktig rolle fram mot valet neste haust, og det gler eg meg til å ta del i, seier ho.

Ho skal veljast på landsmøtet i Tromsø i november.

Emma Berge Ness
Foto: Odd Helge Brugrand / NRK