Hopp til innhold

Ingen på staden etter ulukke

Naudetatane rykte ut til ei ulukke på fylkesveg 243 mellom Grindheim og Hestevollen i Lærdal, men fann ingen på staden. Ein bil har køyrt ut frå vegen. – Bilen har ikkje så store skadar, men har ei knust frontrute og heng dels i eit tre. Vi må undersøkje dette nærare, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt.